Opplev Jærmalarane
Opplev det Jærmalarane gjorde til kunst
Namnet Jærmalar er brukt om kunstnarar som var kjende for sin produksjon frå Jæren. Dei var den norske versjonen av Skagenkunstnarane, og kom til Jæren mot slutten av 1800-talet for å måla det jærske lyset og spesielle landskapet. Fram til Jærmalarane vart opptekne av området, var Jæren nærast ein kvit flekk på kartet. Eit forblese, trelaust og flatt land med mørke myrar og brune lyngheier.
«Jærmalarane» er eit samarbeidsprosjekt mellom lokale reiselivsaktørar og kulturaktørar for å utvikla Jæren som reisemål. Kartet som du finn lengre ned på sida viser kor fleire av dei mest kjende motiva til Jærmalarane er henta frå.
«Slåttonn på Kvalbein», 1884. Kitty Kielland. Foto © O. Væring Eftf AS.
«Stranding på Jæren», 1881. Nicolai Ulfsten. Foto © O. Væring Eftf AS.
Sjå det verkelege Jæren
Frå Tungenes i nord strekker det flate jærlandskapet seg mot sør til det møter knausane mellom Ogna og Sirevåg. Her fann Jærmalarane motiva som har gjort Jærmåleriet til ein eigen kategori i norsk kunst. Jæren hadde ein annan natur enn den som tidlegare hadde prega norsk landskapsmåleri. I tråd med framveksten av naturalismen som retning i kunsten, vart det viktigare å måla det sanne enn det vakre. Då vart den mindre prangande naturen på Jæren ein godt egna motsats til dei store skog- og fjellandskapa andre stader i landet.
Landskapsmålarane vart opptekne av å formidla lyset og fargane i naturen slik dei eigentleg var heller enn å skapa vakre klisjear. Det gjer og at kunstverka gir eit godt innblikk i korleis Jæren var for godt 100 år sidan.
Ferdselsregler
- Hald hunden i band heile året.
- Ikkje forstyrr fuglar og beitande dyr.
- Ta med søppel og hundeposen heim.
- Nyt blomane, dei trivst best der dei står.
- Ta omsyn og følg merka sti.
- Respekter private veger og innmark.
Finn motiva og lag dine eigne bilete
Skriv ut kartet og oppsøk dei ulike stadane Jærmalarane brukte til inspirasjon for bileta sine. Klypp eit hol i ramma, og sjå om du finn dei same motiva som er på bileta.
Kanskje vert du inspirert på same måten som dei blei?
galleri
Kjende kunstverk frå dei klassiske Jærmalarane
Foto © O. Væring Eftf AS.
Problem displaying Facebook posts. Backup cache in use.
Type: OAuthException